top of page
buss.jpg
ferge.jpg
fly.jpg
Send oss en forespørsel om ledige datoer

Eller send e-post til: post@h-fiskeferie.no

Telefon: +47 917 92 276

Haukedalen Fiskeferie

Årskaugveien 68 - 6818 Haukedalen

Reiserute

Fra Oslo eller Bergen

Reiserute frå Oslo Køyr E-18 mot Drammen. I Sandvika tar du av og følgjer E-16 til Hønefoss. Her er det mogleg å fortsette E-16 over Filefjell mot Lærdal, men vi anbefaler å følgje riksveg 7 gjennom Hallingdal til Gol, vidare riksveg 52 til Borlaug der du igjen møter E-16 og fortsetter mot Lærdal og Fodnes. Frå Fodnes går det ferje til Mannhiller (15 min.) Frå Mannhiller følgjes riksveg 5 mot Sogndal, og riksveg 55 til Hella der det er ein ny ferje til Dragsvik (10 min.) Her tar du til høgre og følgjer riksveg 613 over Gaularfjellet mot Førde. Dette er ein nasjonal turistveg med flott natur. Frå Sogndal kan ein også ta riksveg 5 til Skei og så følgje E-39 mot Førde. 10 km før Førde, på Moskog, tar ein til venstre og følgjer riksveg 613 til Haukedalen. Denne vegen har mange tunnelar og bompengar så vi anbefaler vegen over Gaularfjellet om sommaren.

Reiserute frå Bergen frå Bergen sentrum køyrer du E-39 mot Åsane og Ålesund. Følg E-39 til Oppedal, der du tar ferge til Lavik (20 min). Frå Lavik held du fram på E-39 til Vadheim (24 km), tar til venstre og følgjer E-39 til Sande (15 km) og tar der til høgre på RV 610 til Eldalsosen (23 km). Her tar du til venstre på RV 613 mot Førde og etter 13 km tar du av til høgre mot Haukedalen. I vegkrysset vil du sjå informasjon til Haukedalen Fiskeferie. Herfrå er det 11 km langs Haukedalsvatnet og det er berre og følgje informasjon langs vegen til Haukedalen Fiskeferie.Reiserute fra Hirtshals i Danmark Frå Danmark kan det enklaste og billigaste vere å ta ferge frå Hirtshals til Langesund i Norge. Frå Langesund køyrer ein mot Skien, tar så videre mot Drammen og så mot Hønefoss. Frå Hønefoss tar ein RV 7 gjennom Hallingdalen og så er det berre å følge same reisebeskrivelse som frå Oslo.

Thanks! Message sent.

bottom of page